Delta er IKO si store satsing på konfirmantane. Opplegget er innhaldsrikt og fleksibelt, og bok til konfirmanten (Konflogg), lærarrettleiing og ein digital presentasjon blei lansert i fjor. Minnepinnen med den digitale presentasjonen inneheld lysbilete, filmar og musikkvideoar som konfirmantane kan sjå på storskjerm. No er denne endeleg å få også med nynorsk tekst. 

Har kyrkjelyden tidlegare kjøpt presentasjonen på bokmål, får du ein god pris om du ønskjer å bytta til nynorsk utgåve.

Sjå alle Delta-produkt i nettbutikken.

Kort med forbøner
No er det også laga forbønskort som har same design som resten av Delta-materiellet.  Bønene er ferdig trykt på små kort, med plass til å skrive namnet til konfirmanten. Korta er tenkt brukt under sjølve forbønshandlinga. Kvar kortpakke inneheld 14 kort. Desse fins både på nynorsk og bokmål.