(Denne teksten ble først publisert på vl.no og i Vårt Land)

Skrive av Ingunn Aadland, rådgivar ved IKO og førsteamanuensis II ved MF vitskaplege høgskule

Kjønnsperspektiv og bibelformidling dukkar opp igjen og igjen. Dei fleste vil vere samde i at dette er viktig. Likefullt erfarer eg at kulturen vår har blindsoner når det kjem til framstilling av kvinna.

Dei siste åra har eg som rådgjevar ved IKO hatt anledning til å forske på det vi kan kalla «den kulturelle bibelen». Korleis hugsar vi Bibelen i vår kultur? Den kulturelle kanon handlar ikkje berre om kva forteljingar som høyrer med, men like mykje om korleis desse vert fortalt. For kva verdiar er innebygt i måten vi fortel ei forteljing?

Marta og Maria si rolle vert sjeldan hugsa
Barnebiblar si framstilling av Bibelen i tekst og illustrasjon, er eit uttrykk for korleis ein i ein gjeven kultur hugsar bibelforteljingane. I mi forsking har eg peikt på at manglande kvinneperspektiv og den sterke koplinga mellom kvinne og seksuell (u)moral, er symptom på ein felles forteljingskultur. Eg har vore særleg oppteken av å skape eit medvit om at kjønnskritiske perspektiv ofte manglar, ikkje berre hos forlag og i barnebiblar, men i vår kulturelle arv. Som bibellesande fellesskap, kjem vi til Bibelen med ei forforståing om kva denne handlar om. Denne vert reprodusert i trusopplæring, forkynning og i kristen barnelitteratur. Det er kulturelle førestillingar om kvinna som kjem fram når vi fortel om kvinner i tekst og bilete. Også når vi ikkje gjer det.

Ta til døme Johannesevangeliet si forteljing om Jesus som vekkjer opp Lasarus. Forteljinga frå Joh 11 vert mest hugsa som ei underforteljing og ei vennskapsforteljing mellom Jesus og Lasarus. Men kva med Marta og Maria? Forteljaren i Joh 11,1–5 legg vekt på å introdusere Lasarus sine systre, Marta og Maria. Det står at Jesus var glad i dei alle tre (vers 5). Sjølve forteljinga er bygd opp av dialogar mellom Jesus og systrene. Lasarus, hovudpersonen er jo nettopp død. Maria og Marta si rolle i denne forteljinga vert slik eg erfarer det, sjeldan hugsa. Eit høgdepunkt er Marta si vedkjenning om at Jesus er Messias (vers 27). Ein som er godt kjent med Bibelen vil ha høyrt om Peter si vedkjenning, men kvifor har vi ikkje høyrt om Marta si?

Ho blir erotisert og objektivert
Bibel og kjønnsperspektiv handlar ikkje berre om barnebiblar, men det stikk djupare og handlar om kulturell kanon. I fjorårets høyring om konfirmasjonsgudstenesta merka vi på IKO oss at bibeltekstane var knytt til Jesusvitne. Berre eit av forslaga omhandla ei kvinne, nemleg kvinna ved brønnen frå Joh 4. Ho er utan namn, og ofte (sjølv om bibelteksten ikkje seier det!) assosiert med prostitusjon. IKO skreiv i høringssvar at vi ynskte at ein vurderte å nytte Joh 11,27 i staden. Vi meiner at konfirmantar treng å kjenne til bibelske kvinner som ikkje er assosiert med seksuell umoral.

Her kan du lese hele IKOs høringssvar om ordning for konfirmanttidens gudstjenester fra august 2019. 

Ei som er bibelkjent har høyrt om Jesus som vaskar læresveinane sine føter (Joh 13). Men har ho høyrt om Maria som først vaskar Jesus sine (Joh 12)? Kanskje nøler vi med å løfte fram enno ei knelande og audmjuk kvinne? For illustrasjonar av kvinna som salver Jesus, anten det er Maria eller ei anonym kvinne, får fort form av den kulturelle kategorien. Ho blir erotisert og objektivert. Også i barnebiblar. I Gustave Doré sin bildebibel er det mange flotte illustrasjonar av sterke kvinner. I nyare barnebiblar finst det færre. Difor må vi sjå nærare på kvifor det er slik. Vi må også jobbe kritisk med vår eiga arv. Den vert til på ny – igjen og igjen.

Vi fekk illustrert Ester ståande
Det er ganske lett å kritiser barnebiblar. Langt vanskelegare er det å lage ein. Som forskar og rådgjevar på IKO kjenner eg saka frå fleire sider. Likevel vil eg meine at forlag ikkje er heilt «prisgitt det som blir produsert internasjonalt,» slik forlagssjefen i Hermon antyder i Vårt Land.

Det finst fleire kvinnebiblar på marknaden. Det er fint at slike finst, men enno viktigare er det, slik eg ser det, at kvinner vert naturleg integrert i dei biblane som gis ut! Det er det vi jobbar med på IKO. Nyleg gav IKO ut «Bibelhistoriar for nybyrjarar». Denne boka frå Copenhagen Publishing house hadde eit format vi likte, men utval, tekst og illustrasjonar var vi berre til dels nøgd med. Då gjekk vi i dialog med forlaget, og fekk nyskrive forteljingar som vi gjerne ville ha inn: Likninga om sølvmynten (Luk 15) og Jesus som besøker Marta og Maria (Luk 10). Vi fekk og fornya illustrasjonar slik at «kyrkja» ikkje berre bestod av menn. Vi fekk og illustrert Ester ståande, i staden for knelande, framfor kongen (sjå bilete øvst i saka). 

Det er altså mogeleg å gjere ein heil del!

Og lat meg til sist legge til – det finst fleire gode barnebiblar! Alle har sine styrkar, nokre har fleire enn andre.