Denne boka er ei innføring for lærarstudentar, lærarar og andre interesserte i KRLE-undervisninga i grunnskulen. Mykje vil òg vere relevant for lærarar i faget Religion og etikk på vidaregåande skule. Boka er heilt opp- datert etter læreplanane frå 2020 (LK20).

Bestill et gratis prøveeksemplar av boken her

Innhaldet er skriven av heile 21 forfattarar som underviser eller har undervist i lærarutdanningane (grunnskulelærarutdanninga og andre utdanningar) om skulefaget, og mange av dei har forska på og skrive om emna sine i mange år. Redaktørane har lagt vekt på å finne ei god geografisk fordeling av forfattarane. Ikkje alle tenkjer likt om skulefaget. Vi oppfattar likevel dette som mindre variasjonar, og ser på ulike syn som noko som kan verke avklarande for lesaren. Nokre meir grunnleggande skiljeliner i synet på faget er forklart i kapittel 2 og 3 særleg.

Religions-, livssyns- og etikkfaget i grunnskulen har no på ulike måtar eksistert i over tjue år. Namnet og læreplanane er endra mange gonger, og det er forska og skrive mykje om faget i denne perioden. Vi kan naturleg- vis ikkje trekkje fram alle sider ved faget og forskinga på dette i denne samanhengen. Vi har sett saman ei kort innføringsbok i dei viktigaste sidene ved arbeidet med faget slik dagens lover og læreplanar er, og så må studentar og lærarutdanningane sjølve oppdatere og fylle ut det som manglar eller gå i djupna der det trengst.

Vi har lagt oss på ein stil som er typisk for lærebøker, refererande og utan polemikk. Dei som samanliknar denne læreboka med andre lærebøker i faget, vil sjå at forfattarane refererer meir til forskingslitteratur enn det som ofte har vore vanleg i slike bøker. Vi har òg eit eige kapittel om å vere ein forskande lærar. Dette har samanheng med kravet om at lærar- utdanningane, som all høgare utdanning, i større grad enn tidlegare skal vere tufta på forsking, og at utdanninga sjølv skal munne ut i studentforsking med ei masteroppgåve.

Teksten er hentet fra forordet i boka, skrevet av forfatterne Thor-André Skrefsrud og Kåre Fuglseth.

Du finner boka i nettbutikken vår her