I 2020 startar IKO eit nytt forskings- og fagutviklingsprosjekt, støtta av Kirkerådet. Denne gongen er målet å finne fram til og dele ny kunnskap om bibel, barn og bibelformidling i vår kultur.

Barneperspektiv
IKO erfarer at barneperspektivet har blitt oversett i den teologiske forskinga generelt. Dette er i endring, og vi ser langt meir forsking som relater seg til barn og barndom og barnelitteratur. Også i bibelfag. Det er likevel behov for meir forsking på korleis Bibelen, og ideen om bibel virker i trusopplæring og kirke og samfunn generelt. Barn og barndom er allmenne tema, og måten barn er omtalt på og tiltalt, avdekkjer grunnleggjande haldningar til mennesket. Dette gjeld både i Bibelen og i vårt eige språkunivers. Bibelen sine tekstar om barn både framhever og overser barnet som subjekt. Kva fortolkingspotensiale har desse tekstane inn i kyrkja sitt trusopplæringsarbeid?

Temanummer i Prismet: Barnebibler

Ei hovudproblemstilling i prosjektet er: Korleis kan ein halde saman ein teologisk ansvarleg bibelbruk som gir rom for både bibelkritikk og evangelisk forkynning?  Nyare forsking viser at Bibelen, slik den nokre gonger vert framstilt i trusopplæringa, ikkje greier å integrere eit mangfaldig gudsbilete.  Vi ser og at framstillingar av Bibelens menneske virker stigmatiserande ved at den forsterker koplinga mellom kvinne og synd. Dette gjeld både i bibelformidling og forkynning, og vi ser det særleg i norske barnebiblar frå dei siste tiåra.

Det er utfordrande å bruke tekstar som er innvevd i antikkens førestilling om menneske og verda, i trusopplæringsarbeid. Denne utfordringa kan vi ikkje ta lett på. Vi erkjenner også at vår kultur preger vår bibelbruk. Bibelformiding speler på mange måtar ei dobbel rolle. Dei teiknar eit bilete av fortid, men dei er også uttrykk for verdiar i  samtidskulturen. Det som er viktig i denne samanhengen er korleis traderinga av Bibelen gjennom barnebiblar og bibelformidling er med på å reprodusere kunnskapen om Bibelen. Det er på denne måten vi kan tale om ein «kulturell bibel» og det er i hovudsak denne Bibelen barnet møter.

I dette prosjektet vil vi bruke kunnskap om den kulturelle bibelen til å utvikle kunnskap og forståelse for bibeltolkingsprosessar. Vi ønsker å vidareutvikle metodar som ivaretar Bibelens kompleksitet i ulike fortolkingssituasjonar. Når vi tar i bruk mangfaldige perspektiv, kan bibelforteljingane vere frigjerande for mangfaldig barn og unge i dag. Vidare vil prosjektet særleg fokusere på å gjere bibelforsking med barn som tema, relevant og tilgjengeleg for trusopplæringstilsette.

Ønsker dere fagdag eller foredrag til dere? Les mer og bestill her


(foto: Kirkerådet)

BIbelprosjektet fortset
Barnet og Bibelen er på mange måtar ei vidareføring av eit nylig avslutta prosjekt «Bibelen i trusopplæringa» (2018–19). Vi opplever at fagdagane og kursa som vart gjennomført i denne perioden, har bidratt til å skape ein tverrfagleg plattform om trusopplæring, der bibelfagsforskinga er ein viktig bidragsytar inn i den faglege samtalen. Det arbeidet kan no fortsetje.

Prosjektet «Barnet og Bibelen» har som mål å stimulere vidare ikkje berre til bibelfagleg forsking, men også tverrfagleg samarbeid nasjonalt. Slik vil prosjektet styrke kunnskapen om bibel inn i det akademiske fagmiljøet som har barn og unge som sitt felt, og søke å prege utdanningsløpet for kateketar, diakonar og andre som arbeider med trusopplæring. 
 

Les også om forrige forskningsprosjekt "Bibelen i trusopplæringa" på IKO

Om prosjektet
Prosjektet er prosessorientert, og munner ut i forskningsbaserte fagdagar, samt eit metode-materiell. Aktørar som inngår i prosjektet er prosjektleiar Ingunn Aadland, Ph.D i GT (Rådgiver ved IKO og førsteamanuensis II ved MF) og Anna Rebecca Solevåg, Professor i NT (VID vitenskapelige høyskole). I tillegg er prosjektet knytta til ei referansegruppe beståande av Marianne Bjelland Kartzow, Professor i NT (UiO Det teologiske fakultet), Hilde Brekke Møller, Ph.D i NT (MF vitenskapelige høyskole), og Håkon Sunde Pedersen, Ph.D i GT (Fjellhaug internasjonale høyskole), samt den tverrfaglege forskingsgruppa «Barn og religion» (MF vitenskapelige høyskole).

Les om da Ingunn Aadland la fram forskningsresultater på internasjonal konferanse i Denver, USA. 

Forskingsarbeidet med barnebiblar har fått merksemd i media. Her kan du lese ei artikkel frå Krigsropet om "Kvinnene som forsvant", og ei artikkel i Vårt Land, "Etterlyser kvinner i barnebibler" (bak betalingsmur på vl.no)

 

Se også: Kort bibelsnakk: om pinse