MOSTER 2024: Aktivitetshefte for skulen

Undervisningsopplegg og ressursar til 1000-årsjubileet

Om heftet
IKO Institutt for kyrkje og oppvekst har, på oppdrag frå Moster 2024, utvikla eit aktivitetshefte om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenretten si tyding for utviklinga av det norske samfunnet. Opplegget er først og fremst retta mot mellomtrinnet, men kan enkelt tilpassast andre alderstrinn.

Innhald og ressursar
Heftet fungerer som ein ressursbank i PDF-format, med korte fagtekstar, illustrasjonar og konkrete forslag til undervisning. Her finn du varierte aktivitetar, oppgåver og lenkjer til digitale ressursar som kan takast i bruk direkte i klasserommet. Til slutt ligg det òg eit forslag til skule–kyrkje-samarbeid utvikla av Skåre sokn, som kan tilpassast lokale forhold.

Slik kan det brukast
Ressursane kan brukast både digitalt og som utskrive hefte. Innhaldet er lagt opp for tverrfagleg arbeid, og aktivitetane kan nyttast i fleire fag – mellom anna norsk, KRLE, samfunnsfag, naturfag og musikk. Kvar aktivitet er tydeleg merka med kva fag han eignar seg for.

Fagleg forankring og arbeidsmåtar
Materialet er utvikla av fagpersonar med kompetanse innan historie, samfunnsfag, norsk, KRLE og pedagogikk. Heftet legg til rette for varierte arbeidsmåtar, med både individuelle oppgåver, gruppearbeid og felles aktivitetar – både inne og ute.

2nj2030-partnerlogo-h_bokmaal-rgb

Klart til bruk i undervisninga

1000-ars-jubileumet_moster2024-forside

Oppgåver, aktivitetar og fagstoff samla i eitt hefte.