Mi kyrkjebok 2 tegnspråk
Utdelingsbok for 2-åringar
I Mi kyrkjebok 2 får foreldra hjelp til å innarbeide gode vaner for troslivet til barnet. Gjennom kjende situasjonar frå kvardagen, bibelforteljing, songar og vers vil toåringen møte den kristne tru. Teikneserien om sauen Krølle som går seg vill er ei nyillustrert utgåve av likninga om den bortkomne sauen. Vi blir også kjent med Bo og Nora som leitar etter Krølle. Kanskje kan toåringen hjelpe dei med å finne han? Boka inneheld både kunst og nytegna bilder laga for toåringen.
I samarbeid med Døvekirken er boka her fortalt på tegnspråk.
(Filmen er kun på bokmål)