Dåpsboka Ny utgåve (nyn)
Ei gåvebok til familiar i samband med dåpen
Eit lite menneske er komen til verda. Ei ny historie har begynt.
I dåpen begynner barnets historie i kyrkja – frå vatn til velsigning, frå løfte til lys.
Boka gir enkle forklaringar, vakre salmer og bøner som kan gi dåpen, trua, festen og kvardagen ei djupare meining.
Sindre Skeie, prest og salmediktar, forklarer gjennom korte tekstar betydninga og praksisen til dåpen.
Boka inneheld også eit knippe salmer og bøner.