Guds barn Bibelforteljingar (nyn)

Bilbelforteljingar fortalde av Desmond Tutu

I denne boka fortel erkebiskop Desmond Tutu ei rekkje kjende og mindre kjende historier om miskunn, tvil, rettferd og kjærleik. Med visdom og livserfaring minner han om at vi alle er Guds barn. Kunstnarar frå heile verda har illustrert dei 56 utvalde historiene. Resultatet er ei bok om fridom, forsoning og menneskeleg fellesskap, til barn og vaksne i heile verda.
 

I 1984 fekk erkebiskop DESMOND TUTU Nobels fredspris for sin livslange kamp mot apartheid og for likskap, rettferd og fred i Sør-Afrika. I 1986 vart han vald til erkebiskop i Cape Town. I 1995 vart Tutu utpeika av Nelson Mandela til formann i Sannings- og forsoningskommisjonen i Sør- Afrika. I dag er erkebiskop Tutu formann i The Elders, ei uavhengig gruppe av leiarar som arbeider globalt for å fremje fellesmenneskelege interesser. Tutu er kjend for sin kjærleik til barn og for si djupe og innsiktsfulle forståing av den kristne bodskapen. Erkebiskopen bur saman med kona Leah i Sør-Afrika. Dei har fire barn og sju barnebarn.

 

Ikke på lager
Forfatter: Desmond Tutu
Oversetter: IKO-Forlaget og Bibelselskapet
Målform: Nynorsk
Antall sider: 128
Utgivelsesår: 2011
ISBN: 9788282490382
KirkeTrapp
Bibelboka mi (nyn) m/ film
199,-


Arvegull (nyn)
99,-
Jeg folder mine hender små (plakat)
25,-
Dåpslys 12 symboler
45,-
KirkeTrapp
Saman med Jesus Bibelboka mi 2 (nyn)
199,-