Frå kristenrett til kyrkjerett

Ei tusenårs vandring og forteljinga om statskyrkja sin ende

Er statskyrkja si tid forbi? Blei det eit tydeleg skilje mellom Den norske kyrkja og staten? Hovudbolken i boka går særleg inn på grunnlovsendringane og det kyrkjepolitiske klimaet dei ble til i, og korleis kyrkja sin rettslege status er i dag.

Ei "fri" og sjølvstendig kyrkje må ha sin eigen rett, også kalla kyrkjerett. Med utgangspunkt i innføringa av kristenretten, som vart feira som eit tusenårsjubileum i 2024, spør forfattaren etter to ting: Korleis var kyrkja sin rettslege status under skiftande vilkår gjennom desse tusen åra? Og: Var det som hende undevegs, t.d. ved Landslova, reformasjonen, eineveldet og Grunnlova, kjenneteikna av kontinuitet eller brot med fortida?

Til slutt spør forfattaren om kva betydning kristenretten spelar i dag - tusen år etterpå - i Den norske kyrkja og i det norske samfunnet. Då handlar det om meir enn jus, reglar og lover. Det handlar om kva som er dei fundamentale verdiane i vår tid. 

Egil Morland er tidligere rektor og professor ved NLA Høgskolen. Han er cand.theol (MF) og dr.philos (Universitetet i Bergen) og er professor em. i teologi, med fagfeltene homiletikk (forkynnelse) og kirkerett.

Boka er ein del av serien "Kristendom i Norge i 1000 år".

Fra anmeldelser:

"Boka er sjølvsagt interessant for folk som er opptekne med kyrkjehistorie og kyrkja sin situasjon, men også for alle som er opptekne med kristendommens plass i samfunnet. Det er ei etter måten kortfatta framstilling – skriven på godt nynorsk!" Av Johannes Kleppa i Avisa Dagen

"Morland har skrevet en viktig bok, ikke bare som en verdifull historisk gjennomgang, men ikke minst også som en basis for et nødvendig kritisk blikk på de juridiske strukturer og ordninger som er gjeldende for Den norske kirke i dag." Av Sverre Elgvin Lied, PhD i For Bibel og bekjennelse

Flere enn 100
Forfatter: Egil Morland
Målform: Nynorsk
Antall sider: 128
Utgivelsesår: 2025
ISBN: 9788282495936
499,-
Arven etter Moster